Vi ønsker Nye Ålesund kommune med i Smarte Byer Norge-nettverket. Kommunene Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ny kommune i 2020. Under kan du lese hva de har skrevet til oss om å være med i nettverket. Du kan også lese mer om hva de skriver om Smarte Byer Norge på deres hjemmesider.
Nye Ålesund er med i Smarte Byer Norge-nettverket fordi vi meiner at vi som kommune står framfor komplekse problemstillingar i dag og i framtida. Desse lar seg best løyse i samarbeid med andre, og vi treng møteplassar og nettverk på tvers av dei tradisjonelle grensene mellom kommune og innbyggarar, næringsliv og andre samfunnsaktørar. Vi må fokusere meir på innbyggarane sine behov, framfor tradisjonell utøving av mynde frå toppen av byråkratiet og ut i samfunnet. Tillitsbasert styring, mellommenneskeleg kommunikasjon, og evna til brubygging står sentralt.
I møte med mellom anna teknologiske endringar, ser både private og offentlege verksemder etter nye måtar å løyse oppgåvene på. Det offentlege har innsett at innovative løysingar ikkje veks fram gjennom berre ekspertdrivne og byråkratiske tilnærmingar. Det trengs meir av det som gjerne blir kalla New public governance - samstyre. Her er Smarte Byer Norge -Nettverket ein god arena.
Det norske ordet kommune kjem frå det latinske communis, som tyder ‘det som er felles’. Det peikar på interessefellesskapet mellom innbyggarane, næringslivet som skaper arbeidsplassar og verdiar, dei frivillige organisasjonane som bidrar til meiningsfulle liv, og kommuneorganisasjonen som skal legge til rette for ei god og demokratisk forvaltning av verdiar og tenester for alle innbyggarane. Nye Ålesund har eit spesielt ansvar for å legge til rette for at vi kan skape denne kjensla av fellesskap og ansvar.
Å ta i bruk teknologiska løysingar for å saman skape smartare samfunn, er ein del av dette fellsskapet.
Kva gjer nye Ålesund konkret med dette?
Nye Ålesund etablerer ein testarena ved Blue Innovation Arena ved NMK ( Norsk Maritimt Kompetansesenter) der vi i nettverk med vårt verdsleiande næringsliv, vil teste ut simulering og visualiseringsteknologi i utviklinga av kommunen som samfunn og tenesteleverandør.
Vi inngår avtale med Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet ( NTNU) om å bli eit levande laboratorium for forskings- og utviklingsmiljø. Nye Ålesund vil med dette ha ei tydelegare stemme i kva som skal forskast på av dei kommunale tenestene til det beste for innbyggarane.
Vi har inngått partnarskap med nettverket NExTdigital. Dette består av bedrifter på Sunnmøre som ønsker å samarbeide om mogelegheitene som digitalisering og teknologi byr på. Nettverket finn løysingar på digitale utfordringar i fellesskap.
Vi har inngått avtale med Smarte Byer Norge -Nettverket som består av medlemmer frå næringsliv, forskningssektor og kommunar der målet er å få ei raskare smartbyutvikling. Ein smart by er ein by/kommune som bruker digital teknologi og innovative metodar for å gjere kommunen betre for innbyggarane og kommunen meir produktiv.
Vi har etablert Newtonrom for alternativ undervisning i samarbeid mellom kommunane, NMK og Sparebanken Møre. Teknologi og forsking er stikkord her.
Vi ønsker å betre samspelet mellom kommune og frivillige og testar ut dei digitale programma NyBy og Friskus. I første omgang køyrer vi pilotar på dette i Haram, Skodje og Ålesund knytt til frivilligsentralane.
Nye Ålesund kommune er i emning. Målet er å bygge ein smart kommune der vi gjennom openheit og samarbeid skaper dei gode løysingane saman med næringsliv, akademia, innbyggarar og frivillige.
Informasjon om nye Ålesund kommune er tilgjengeleg på www.nyealesund.no.